- Vestlandet /Hordaland / Voss -


Voss Active

Foto ©: Voss Active

Voss Active er ein naturbasert opplevings tilbydar lokalisert på naturskjønne Voss, ekstremsportens ”mekka” i Noreg.

Rafting På Voss

Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spanande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne!

Vasstanden avgjer om vi raftar i Strandaelva eller Raundalselva, begge held topp internasjonal klasse og vi garanterar ei fantastisk oppleving.

Strandaelva:

Grad 3-4+, ca 8 km. Ein klassikar! Dette er den mest vanlege turen vår, med 9 spektakulære stryk og mange vakre seksjonar. Sidan elva har rolegare parti mellom dei store stryka, er graderinga relativt låg samanlikna med størrelsen på stryka, og du får verkeleg valuta for pengane!

Raundalselva:

Grad 3-4+, ca 7 km. Vi nyttar denne elva når Strandaelva er for låg, vanlegvis i august – september. Denne elva går gjennom eit vakkert og isolert juv, vekke frå biltrafikk og anna sivilisasjon. Denne elva er krevjande og blir rekna for å vere ei av dei mest tekniske i Norge.

Elvebrett

Dette er sannsynlegvis den tøffaste elvesporten i Norge som er å oppdrive, men du bestemmer sjølv kor ekstrem denne sporten skal bli for deg. Det er hardt arbeid, vått og vilt, og etter turen er du HEILT klar for ein tur i boblebadet! Nokon tykkjer det er mest moro å surfe i bølgjer og symje ned små stryk, medan andre vil prøve seg i store valsar og tronge, bratte fossefall. Med symjeføter og hanskar er det forbausande lett å manøvrere deg sjølv og elvebrettet.

Fossrappellering:

Utstyrt med klatresele, våtdrakt og hjelm får du rappellere ned den 100 meter høge og svært spektakulære Skjervsfossen i 2 etappar. Enten du elskar eller hatar høgde, så set det garantert fart på hjertepumpa å fire seg ned ved sidan av denne kraftfulle fossen!

Hos oss kan du også få mange spennede opplevelser med: Juv-vandringer, fiskeopplevelser, guidede fjellturer, ha det moro i vår ziplinepark, og klatrepark med mer. Les mer på vår egen hjemmeside. Her er det moro for alle i alle aldre, - og hos oss får du virkelig oppdatert opplevelses kontoen din.

Se været i Voss
Se værmeldingen på stedet

Kategori / Type: Rafting og Aktiviteter

Adresse: Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo

Telefon / Booking: +47 56 51 05 25

@mail: post@vossactive.no

Gå til vår egen hjemmeside

Veinummer: E16


No images were found.

Se plassering på Norgeskartet

Klikk på det blå feltet over, og Google kart åpnes automatisk på din Pc. Tab eller Mobiltelefon med kjørerute og kjørebeskrivelse.

Kart / Gps: 60.654678, 6.443437

Adresse: Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo


Del siden, les og skriv kommentarer



© GoTo Norway 2017